top of page
Plant & vanningssystem

KOSTVEILEDNING

Personleg kostveiledning tilpassa deg og din situasjon

  • Ønsker du å vite kva mat som er bra for deg?

  • Ønsker du eit kosthald som gjev energi, overskot og trivsel?

  • Har du ein sjukdom der kosten er ein del av behandlinga?

Her får du trygg og kunnskapsbasert veiledning frå autorisert klinisk ernæringsfysiolog

Eg veileder blant anna innan:

Overvekt

Diabetes

Spiseforstyrring

Hjertevennleg kost 

Irritabel tarm 

Matallergi og intoleranse

Cøliaki

Mage- og tarmsjukdom

Lipødem

Underernæring

Ernæring til eldre

Vitamin- og mineralmanglar

Veiledning knytt til fedmekirurgi

Kosthald ved svangerskap

Kosthald under/etter kreftbehandling

Må eg vere sjuk eller ha eit problem med mat for å snakke med klinisk ernæringsfysiolog?

Nei absolutt ikkje. Det kan vere ulike grunnar for ønske om samtale kring kosthald.

 

Kanskje ønsker du å forebygge livsstilsjukdom eller få ei generell vurdering av kosthaldet for å sjå om du får i deg nok jern, kalsium og vitamin B12? Eller kanskje har du eit ønske om å optimalisere kosthaldet i forbindelse med idrett? Nokon kjem til klinisk ernæringsfysiolog for kunnskap – få informasjon om korleis ein best kan sette saman måltida, korleis dempe mageplager med kosten eller korleis påverke kolesterolverdiane i gunstig retning.

 

Andre opplever å ha bra kunnskap, men ønsker støtte og hjelp til å implementere nye vaner i ein travel kvardag. Andre igjen kan ha eit anstrengt forhold til mat og opplever at kosthald og tankar kring mat og kropp opptar store delar av dagen. Kanskje bestiller du time til deg sjølv, eller på vegne av andre? Ofte kan ein også som pårørande ha behov for informasjon kring kosthald og ernæring for nokon ein er glad i. 

FØR

Du treng ikkje henvisning for å få time til klinisk ernæringsfysiolog hos Hanitz Helse. I enkelte tilfeller kan det vere nyttig med henvisning dersom ein ønsker samarbeid mellom klinisk ernæringsfysiolog og fastlege/anna behandlar. 

Dersom du har vore til ei undersøking eller har relevante prøvesvar kan du ta med desse.

UNDER

Ein individuell konsultasjon kan innebære:

Kartlegging og vurdering av ernæringsstatus

Berekning av energibehov

Utforming av mål og delmål

Konkrete råd om endring av kosthald

Gode verktøy for å auke motivasjon og hjelpe til i ein endringsprosess

ETTER

Du avgjer sjølv om vi skal sette opp ein ny time. Ved mange tilfeller er det fornuftig med oppfølging når det kjem til endring av kosthald og vaner. 

 

Under oppfølgingssamtala evaluerer vi råda og tilpassar vidare råd til noverande situasjon.

Kva er ein KEF

Kva er ein klinisk ernæringsfysiolog?

Ein klinisk ernæringsfysiolog (KEF) er

spesialist på kosthald, ernæring og helse

Kliniske ernæringsfysiologar er einaste 

ernæringsutdanna yrkesgruppe med

autorisasjon som helsepersonell

Til grunn for autorisasjonen ligg

5-årig universitetsutdanning

Kliniske ernæringsfysiologar er med 

på å utvikle ny ernæringskunnskap

Kliniske ernæringsfysiologar er utdanna

til å forebygge, vurdere, diagnostisere og

behandle ernæringsrelaterte sjukdommar

Råd og behandling er forankra

i vitenskapleg dokumentasjon

Kliniske ernæringsfysiologar

har forskingskompetanse

bottom of page