top of page
_edited.jpg

LINA HANITZ

Klinisk ernæringsfysiolog

Eg heiter Lina Hanitz og er utdanna klinisk ernæringsfysiolog ved Universitetet i Bergen. Har jobba ved Lovisenberg Diakonale sjukehus og 7 år ved Oslo universitetssjukehus. Hausten 2020 flytta eg, med min vesle familie, til Sogndal og vi har ikkje sett oss tilbake.

Som klinisk ernæringsfysiolog jobbar eg med samanhengen mellom ernæring, sunnheit og sjukdom, og korleis ein via kosten kan få ein betre kvardag og eit sunnare liv. Eg har alltid hatt ei brennande interesse for korleis kroppen fungerer og korleis den påverkast av kosthald og livsstil. Eg er opptatt av å fremme eit positivt forhold til mat og unngå unødige begrensingar. Eg ønskjer å bidra til betre helse og trivsel hos den eg samarbeidar med.

Eg har brei erfaring med pasientbehandling og kan tilby kostveiledning ved ulike tilstandar. Min spesialkompetanse er livsstilsendring, særleg i forbindelse med overvekt og fedme. Eg har lang erfaring i å vurdere blodprøver og har god oversikt over korleis ein kan fange opp feilernæring og behandle det.

Du er varmt velkommen til å ta kontakt dersom du ønskjer å bestille time, er interessert i kurs, foredrag, har spørsmål eller i det heile lurer på om dette kan vere noko for deg. 

MHWollFoto-WEB-21.jpg

“Sunnhet handlar for meg om livskvalitet, fysisk og psykisk helse. Sunnhet er meir enn mat. I fellesskap vil vi komme fram til ein plan som passar deg og dine behov

bottom of page